Far til Knut Jostein Sandvik (55) var ein profilert forkynnar. I alle år har sonen halde hemmeleg mørke opplevingar frå oppveksten. No vil han og pinsekyrkja der faren var pastor vise at ein kan vera open om det vonde.

Av

Det er mange som vil ta avskjed. Benkeradene er fulle av svartkledde. Nesten fem hundre familiemedlemmar, vener og personar frå kyrkja har komme for å sørgje og for å vise respekt. Lovorda om livet som er omme er talrike.

Inni Knut Jostein er kjenslene mange og store. Faren er død.

Plutseleg kjenner han ein veldig trong til å seie nokon ord sjølv. Reise seg og melde med høg og klar røyst til alle som rosar faren: «Dette er kanskje sant for dykk, men det er ikkje sant for meg!».

Men det hadde ikkje tatt seg ut. Det er best å bli sitjande. Det er ikkje desse orda folk forventar av ein son i gravferda til faren. Også kjenslene held han inni seg. Skjuler sinnet. Skjuler lettinga.

Sorgkjensla er forventa og akseptabel, men han sørgjer mest over å ikkje ha hatt ein far som levde opp til idealet han heile tida høyrde om i kyrkja. Ein som vernar ein mot vondt. Som gjer alt i si makt for at barna skal ha det bra.

Det skal ta 23 år til før Knut Jostein reiser seg og seier det han har brent inne med:

«Far var ein overgripar».

Profilert songevangelist

Faren Ole Sandvik var pinsepastor og forkynnar i ulike pinsekyrkjer heile sitt yrkesaktive liv. Den siste posten som forstandar var i Filadelfiakirken Sarpsborg frå 1979-1984.

Pastor og forstandar er ord ofte bruka om kvarandre i Pinserørsla.

I tillegg var han ein profilert songevangelist som reiste mykje rundt i landet, og han gav ut musikk.

Ole døyr etter fleire år med sjukdom i 1999, berre 62 år gammal.

Året etter, i 2000, flytter pinsekyrkjelyden i Sarpsborg inn i nye lokale, der dei framleis held til. Frå utsida ber bygget tydeleg preg av si fortid som industribygg. Her er det ingen kyrkjespir som ruvar over byen. Det flate taket og platene som dekkjer fasaden vitnar om praktisk tenking og kostnadseffektivitet.

Innsida med sine opne, ljose rom kler sin nye funksjon som gudshus langt betre.

Har grua seg heile dagen

Det er ein varm sommarkveld i 2022. Frå lydanlegget høyrer ein roleg lovsongsmusikk. Om lag ein fjerdedel av dei polstra blå seta i hovudsalen er opptekne.

Dei færraste veit kvifor dei er her. Den diffuse invitasjonen til informasjonsmøtet seier at ei vond og vanskeleg sak i ein familie i kyrkja «berører menighetens historie og den kan også ha betydning for flere mennesker».

Enkel kvardagsprat om nye jobbar og det grå skydekket utanfor roar seg i det pastor David Hetlelid tek ordet.

Knut Jostein har grua seg i heile dag. Han har vore fysisk dårleg av tanken på det som no skal skje. Men i det han blir invitert opp på scenen og går bestemt bort til mikrofonen kjem det ei ro over han.

Han greier å la vera å kjenne for mykje på kjenslene. Det er bra. Elles kunne det blitt vanskeleg å få fram orda, reflekterer han etterpå.

Vaknar med ei kjensle av å bli jaga

I eit nøkternt språk, og med ein ro som skjuler alt av tidlegare nervar fortel Knut Jostein sitt livs største hemmelegheit til dei om lag hundre frammøtte.

– Sjølve historia er ikkje lang. Far som var forstandar her frå 1979 til 1984 hadde eit skjult liv. Han var ein overgripar. Eg har blitt seksuelt misbrukt. Minna om dette går tilbake til 8-års alderen, før dette hugsar eg lite. Det heldt på fram til eg var 15-16 år. Då sette eg ein stoppar for det sjølv. Det er heile historia i eit nøtteskal for min del.

Stemninga i rommet endrar seg. Store auge vekslar blikk på kryss og tvers i stolradene. Andlet som vitnar om vantru stirar tomt framom seg.

Faren min er ein del av historia til kyrkjelyden, og det ynskjer eg ikkje at han skal vera. I alle fall ikkje på ein positiv måte.

Knut Jostein held fram. Fortel om korleis han framleis vaknar kvar dag med ei kjensle av angst. Nokre dagar kjenner han seg jaga, og vil flykte. Andre dagar gjev det utslag i kvalme og uro.

Han fortel om korleis smertene han har hatt i heile kroppen i mange år og som helsevesenet aldri fann opphavet til no har fått namn: posttraumatisk stressliding (PTSD) og emosjonell utmatting.

– Korleis kan nokon elske ein som meg?

Knut Jostein fortel opent om korleis overgrepa har påverka sjølvbiletet, tankar kring eigen kropp og kva han trur andre meiner om han. Det heile med eit kroppsspråk og eit stemmeleie som kunne tilseie at ein langt mindre alvorleg sak var på agendaen.

Kanskje kvardagen som fengselsbetjent har gjeve han trening i å halde roa i stressa situasjonar?

Frå scena fortel han om tankar som har kverna opp gjennom åra:

– Korleis kan nokon elske ein person som meg som er så stygg og som har vore med på det eg har vore med på?

Den indre stemma verkar minst like fæl når han seier orda den formar høgt.

Det mørke skylaget utanfor har letta, og gjennom nisjen med glassbyggjarstein bak scenen siv det inn mjuke kveldssolstråler.

Ein høyrer diskré snufs frå benkeradene. Tårer triller ned langs eit rynkete kinn, men blir fanga opp av eit papirlommetørkle.

Ynskjer ikkje at faren skal vera del av historia

– Eg ville at dette skulle bli kjent for den kyrkjelyden eg har gått i i så mange år. Det er ingen lett ting å gjera. Det er sårbart, men no er det gjort.

Bak avgjersla om å kalle inn til eit informasjonsmøte i kyrkja ligg det fleire grunnar. Knut Jostein går gjennom dei for dei frammøtte.

– Den eine er reint egoistisk. Eg håpar kan det å vera open om historia eg ber på hjelpe til å lækje såra mine. Kanskje kan dei til slutt bli til arr? Arr synest, men har ikkje i seg den same smerta som sår.

Grunn nummer to for Knut Jostein er like enkel som den er vanskeleg:

– Ole Sandvik, faren min, er ein del av historia til kyrkjelyden, og det ynskjer eg ikkje at han skal vera. I alle fall ikkje på ein positiv måte.

Den tredje årsaka til at Knut Jostein står på scenen i Filadelfiakirken Sarpsborg i dag handlar om kva han meiner ei kyrkje skal vera.

– Kyrkjelyden er ofte omtalt som vår åndelege heim. I ein god heim skal det vera rom for å koma med gode historier, men også dei tunge, vanskelege.

Ein høyrer, låge, mumlande bifall spreidd rundt i salen.

– Og så ynskjer eg at dette kan vera ein mogleik for personar i vår samanheng som har opplevd vonde ting til å seie ifrå om det. Både viss nokon har vonde opplevingar knytt til far min, men også på andre område eller med andre personar.

Når Knut Jostein har sagt det han vil seie inviterar han broren, Eivind Sandvik opp på scenen.

I vaksen alder fann dei to brørne ut at dei ikkje var aleine om dei vonde opplevinga i oppveksten knytt til faren. Også den eldste sonen til Ole fortel om overgrep.

Eivind Sandvik har godkjent at Vårt Land skriv om hans erfaringar med faren og at namnet hans blir nemnt, men har ikkje ynskt å bidra direkte til saka. Han har lese saka før publisering.

Flytta mykje rundt

Før Ole Sandvik kom som forstandar til Filadelfiakirken Sarpsborg jobba han mange ulike stadar, slik som var vanleg for pastorar innan Pinserørsla på den tida. Familien flytta mykje rundt.

Ferda starta då han blir sendt ut som evangelist frå pinsekyrkja Tabernakelet i Bergen, før det venta år som evangelist i ein pinsekyrkjelyd i Gjøvik kommune. Her stifta Ole og kona Anne familie, og fekk sine to fyrste barn.

Anne Sandvik har godkjent at namnet hennar blir brukt, og har lese saka før publisering.

I løpet av dei neste åra jobbar Ole som forstandar på Zion Bryne, i Salem Pinsekirke i Sandefjord og i Pinsekirka Filadelfia i Ålesund, før han og familien i 1979 fann ein meir permanent bustad i Sarpsborg, der Ole var forstandar i Filadelfiakirken i fem år.

I forbindelse med informasjonsmøtet i sommar tok pastor David Hetlelid kontakt med alle desse kyrkjene for å fortelje om kva som har komme fram om Ole Sandvik. Ei frykt har vore at han har utsett også andre for krenkingar.

Vårt Land har ikkje lukkast i å koma i kontakt med kyrkjelyden i Gjøvik kommune, men har snakka med sentrale personar i dei andre kyrkjelydane under arbeidet med denne saka. På dåverande tidspunkt hadde ingen fått høyre om uheldige episodar knytt til deira tidlegare pastor.

Det er ulikt kor vidt ein har informert i dei ulike kyrkjene, og fleire uttrykkjer til Vårt Land at dei er førebudde på at pressedekkinga kan føre til at det kjem opp episodar frå tida Ole Sandvik har vore tilknytt deira kyrkje.

Foreløpig er det ingen teikn til at det har skjedd overgrep utanfor slekta til Ole Sandvik.

Vil ikkje dela «sutrehistorie»

Det har gått tre månadar sidan Knut Jostein fortalde om dei vonde barndomsminna til kyrkjelyden.

I enden av eit roleg bustadfelt ligg eit mørkbeisa hus med skogen som nærmaste nabo.

Opp langs den eine ytterveggen snor deg seg drueranker, tunge av mørkeblå fruktklaser. Dei ser visstnok betre ut enn dei smakar.

Inne har Knut Jostein diska opp med kaffi, kolsyrevatn og wienerbrød. Pastor David Hetlelid har alt tatt plass rundt kjøkenbordet.

Knut Jostein har sagt ja til å snakke med Vårt Land fordi han håpar det kan hjelpe andre kyrkjer å sjå at det er skadeleg å fortie vanskelege tema. At det går an å vera open også om dei mørkaste delane av livet.

– Eg har ikkje noko interesse av å dela ein sutrehistorie. Men kanskje kan nokon lære av den? At å vera open er med på å forløyse ting på det menneskelege plan, men kanskje også på det åndelege, spør fengselsbetjenten seg.

Han merkar at folk synest det er vanskeleg å snakke med han om det han har delt, men fleire har tatt kontakt etter møtet i sommar.

Og sjølve samlinga synest han blei uventa god. Han blei møtt på ein fin måte.

– Det var ei god stemning. Nei, det blir feil å seie, korrigerer han seg sjølv.

Det er eit vanskeleg tema å finne dei rette orda til.

– Det var fint å sjå at folk kjente på smerta eg og familien kjenner på, seier Knut Jostein etter å ha tenkt seg litt om.

Kroppen gløymer ikkje

Det er ikkje berre orda det er vanskeleg å finne. Også minna er få og vage. Truleg ein meistringsstrategi som heng med frå barndomen.

– Men det som er så ubehageleg er at kroppen ikkje gløymer, sjølv om eg har prøva å fortrengje det.

I mange år skjulte han opplevingane ikkje berre for seg sjølv, men også for sine aller nærmaste. Fyrst over ti år inn i ekteskapet med kona Charlotte opna han opp om overgrepa han opplevde. Dødsfallet til faren førte opp så mange kjensler og tankar at han for fyrste gong valde å fortelje om dei vonde erfaringane.

Det skulle ta nesten tjue nye år før han fortalde det til neste person, pastor David, som no sit overfor han ved kjøkenbordet.

I mellomtida stappar han kalenderen og kvardagen breiddfull. Minimerer hola der det er tid til å la tankane flyte.

Men det garanterer ikkje at minna ikkje tvingar seg fram.

Vekkjer minne

Ein dag blir Knut Jostein møtt av ei fornøgd Charlotte heime. Ho har vore hjå fiskeforhandlaren og har fått tak i fersk fisk til middagen.

På kjøkenbenken ligg ein fin lyr. Synet får det til å knyte seg i heile kroppen til Knut Jostein, og kvalmen vellar fram, som frå eit lite punkt inst i magen. Det vekkjer minne frå vonde opplevingar med faren i oppveksten.

Desse episodane, som kjem når han ventar det som minst, har det blitt fleire av etter at han dirka opp døra til inste mørket og slepte andre inn. Før gjorde han alt han kunne for å halde døra lukka, låst og bolta.

Håpet er at gløtten etter kvart skal bli til ei open dør som gjev han tilgang på fleire av tinga han har gløymt. Kanskje vil det hjelpe. Kanskje ikkje.

Gjaldt fleire

Knut Jostein fortel etter kvart pastor David Hetlelid om det som har skjedd. Litt etter det skjer det ting som også tvingar fram ein prat med den eldre broren, Eivind Sandvik.

Til Knut Josteins overrasking og fortviling fortel også Eiving at han har blitt utsett for overgrap av faren.

– Eg hadde ikkje tenkt over at det også kunne ha skjedd med Eivind, fortel veslebroren.

Til slutt hentar tankane, utmattinga og uroa inn Knut Jostein. Han får tilbod om psykiatrisk hjelp.

– Der snakka me ein del om at fortrenging og det å fortie vanskelege ting skaper skam og opprettheld symptoma. Då bestemte eg meg for at dette kunne eg ikkje la liggje hjå meg og dei få som visste om det.

Tida er inne for å snakke med familien. Han sparar det vanskelegaste til slutt. Ein tanke hadde plaga han meir og meir i det siste. Kunne verkeleg noko slik gå føre seg utan at mora hans visste om det?

Skulle svaret hennar bli det verst tenkjelege kan det i minste gje ho ein sjanse til å gjera opp for seg, tenkjer sonen.

Tok praten med mora

– Det er den vanskelegaste samtala eg har hatt i heile mitt liv.

– Men ho hadde inga aning. Det var utruleg vondt for ho å høyre om det som hadde skjedd meg og Eivind. Og det var vondt for meg å fortelje ei mor at den personen ho har budd saman med i førti år ikkje har vore den ho har trudd.

Samtala med mora skal etter kvart utløyse noko nytt. Eit ynskje om at ho skal sleppe å bera skamma aleine. For mora blir det nemleg vanskeleg å gå på møte og gudstenester i Filadelfiakirken som ho har høyrt til i i over førti år.

På informasjonsmøtet i sommar kjem han med ein hjartefølt appell frå scenen til alle dei frammøtte om å ta vel imot mora i kyrkja, også i framtida. Han har eit sterkt ynskje: at ho skal kunne vera i sin andre heim utan å kjenne på ubehag.

Etter møtet er omme flokkar det seg menneske rundt ho, og til slutt oppstår det ei spontan køordning av personar som vil klemme og snakke med henne.

– Dette må me bere saman, blir det sagt av ein av dei som ventar på tur.

– Tøft for mange si trusforteljing

– Fordi han har hatt den rolla og funksjonen han har, så blir det noko meir enn berre ei familieforteljing. Det er også ei kollektiv forteljing som forsamlinga framleis er ein del av, seier David Hetlelid.

Han er tydeleg på at det vonde som har komme opp også er forvirrande og sårt for mange av dei som ikkje er direkte ramma av overgrepssaka.

– I vår del av kyrkjelandskapet med karismatisk leiarskap kan pastorar bety mykje for det åndelege livet, for historia til kyrkjelyden og for trushistoria for den enkelte. Me er fattige på sakrament, og så overfører me meir av dette på menneske. Då blir fallhøgda stor, seier pastoren.

Han tenkjer det er naturleg at personar som har opplevd positive ting under Ole si leiing kan stille spørsmål ved om dette verkeleg var frå Gud? Eller var det noko falskt? Stygt?

– Det kan vera tøft for mange og deira trusforteljing.

Kyrkja har lagt til rette for at ein skal ha nokon å snakke med om det vonde som kan ha komme opp i kjølvatnet av at Knut Jostein og familien delte historia sin. Fleire har takka ja til dette, melder David.

– Trua kan misbrukast

Han har aldri vore i tvil om at det rette i denne saka er å vera open, så lenge også familien sjølve har ynskt seg det. Den vurderinga har ikkje alle vore einige i. For sjølv om etisk råd i Pinserørsla har støtta kyrkjelyden i å snakke opent om saka, har andre kollegaar i Pinserørsla stilt spørsmål ved kvifor ein vil sleppe dette fram i ljoset. Rett nok er det ikkje mange det er snakk om, fortel David.

– Eg kan forstå at ein tenkjer slik. For ja, dette er så vondt og vanskeleg at det er freistande for oss å berre la det vera i det mørke, dunkle rommet. Men då er det nokon som betalar prisen for at me ynskjer oss ei forgylla forteljing.

Men innad i kyrkja i Sarpsborg derimot, har han berre høyrt gode ord om at ein arrangerte eit ope informasjonsmøte.

– Personar har sagt at dette er noko av det beste med kva eit trusfellesskap kan vera. Det er djup medmennesklegheit, det er omsorg og det rører ved trua vår, seier David.

Kva stad kan det vera større rom for å vera open og vise smerte, fall og sårbarheit, spør Knut Jostein seg, og festar blikket på hortensiabuketten som står framfor han på bordet.

– Det må vera rom for å lufte slike ting i kyrkja. Kor tilgjevinga står sterkt. Kor nåden står sterkt. Der Gud viser sin kjærleik, meiner fengselsbetjenten.

Likevel er David klar på at det krev ein god dose visdom og refleksjon å handtere eit så vanskeleg tema. Trua treng ikkje gjera det enklare. Tvert om.

– Trua kan også misbrukast. Ein kan snakke om nåde på ein feil måte. Snakke for lettvint om å tilgje, nesten som ein måte å feie ting under teppet på. Dei mekanismane veit me at er til stades.

Leiinga i kyrkja har involvert både Vake kirkelig ressurssenter mot seksuelle overgrep og etisk råd i Pinserørsla for å få råd og rettleiing, fortel David.

Fisketur med far

Nokon gonger kan Knut Jostein kjenne på dårleg samvit for å «kaste faren under bussen». Blandinga av gode og vonde kjensler knytt til han gjer det heile meir komplisert.

– Han er jau trass i alt faren min. Eg skal ikkje snakke han ned i alle samanhengar. Eg har sikkert gode opplevingar med han.

– Sikkert? Hugsar du ikkje?

Knut Jostein svarar med eit døme.

– Eg hugsar at me var ute på Vågsøy, ikkje så langt unna der mor kjem frå. Eg har eit kjempefint minne av at eg og far får flott lyr. Det er ei fin oppleving. Slik som far og son skal ha.

Han snurrar forsiktig på glaset med italiensk kolsyrevatn. Tek litt sats.

– Men så blir det overskygga av minna mine frå overgrep som blei gjort på det bedehuset me overnatta på når me var der.

– Gud greidde ikkje å verne meg

For Knut Jostein har ikkje vonde opplevingar i barndommen berre forkludra helsa hans, men også biletet han har av Gud.

– Eg har ikkje ei god og lettvint tru på at Gud er kjærleik og at han passar på oss og vernar oss frå farar. Min gud klarte ikkje det.

Knut Jostein meiner ein ofte let Gud sleppe for lett unna. At ein skuldar på syndefallet og at menneske er vonde.

– Eg var eit snilt barn. Men han greidde ikkje å verne meg. Eg har problem med å forsone meg med at ein som er allmektig berre kan sitje å sjå på at vondskap skjer.

Gud, vår far

Mange gonger har han tenkt at no skal han og Gud skilje lag. At han er lei alle einvegssamtalene. Dessutan har han eit anstrengt forhold til autoritetar. Gud inkludert.

– Og så har du dette farsbiletet. Gud, vår far. Når du sjølv har eit veldig ambivalent forhold til din eigen far, så er det vanskeleg å finne den farsfiguren.

David nikkar. Meiner det er viktig at ein hugsar at det er mange av omgrepa og bileta ein brukar i kristne samanhengar det kan vera knytt smerte til.

– Me er overlatne til språket vårt, og språket er avgrensa. Gud som far kan vera eit ekstremt vanskeleg bilete for nokon, men sjølv for dei med eit godt forhold til far sin er ikkje farsbiletet ei dekkjande skildring av Gud, reflekterer pastoren.

Han er klar på at kyrkja han leier no skal justere forteljinga etter den tidlegare forstandaren deira. Om to år fyller Filadelfiakirken Sarpsborg hundre år.

– Me har snakka om at faren min er ein del av historia om kyrkjelyden. Før fleire visste om historia mi nemnde du, David, at det blir vanskeleg å berre stryke alt som har med far min å gjera utan å snakke om kvifor.

David nikkar igjen.

Opnar eitt rom

Men trass i alt dette har ikkje Knut Jostein klara å hive Gud på båten. Dessutan, kva skulle han då funne på kvar sundag føremiddag?

Han og David ler godt.

Vanen med å vera i kyrkja kvar sundag er så innarbeidd at det er vanskeleg å sjå for seg noko anna.

– Eg synest det er heilt utruleg at Knut Jostein har klara å ikkje berre vera i eitt trusfellesskap, men faktisk i det trusfellesskapet som faren var pastor i.

Ein av dei sterkaste responsane pastoren har fått i etterkant av informasjonsmøtet er korleis Knut Josteins anstrengde forhold til Gud har rørt folk.

– Det har ein resonans i dei fleste av oss, sjølv om ein ikkje har ei like vond livserfaring. Knut Jostein er med på å opne eit rom som gjer at her kan me bere alt me erfarer inn i både i trusfellesskapet og i truslivet.

Håpet til dei to rundt bordet i huset med druerankane er at dei med å opne døra til det dunkle rommet kan gjera at ljoset siv inn og gradvis fordriv mørket. Både for Knut Jostein, familien hans, kyrkjelyden og andre som sit på vonde opplevingar.

Anne Sandvik har lese saka før publisering. Det same har alle barna til Ole og Anne Sandvik. Dei to døtrene seier dei ikkje har blitt utsett for overgrep av faren.

Om dei ynskjer kan ein også leggje til ei setning på slutten om at dei støttar deg og Eivind i år fortelje, eller noko liknande?