Den russiske opposisjonspolitikaren og regimekritikaren Aleksej Navalnyj seier han no er plassert i ei isolasjonscelle på permanent basis.

Av

Isolasjonen vil avgrense kontakten han har med både dei andre innsette i straffeleiren han sonar i, og med omverda, seier Navalnyj på Twitter, ifølgje New York Times.

– Dei har gjort det for å få meg til å teie, skriv han. Dei små isolasjonscellene blir brukte for å straffe dei innsette, men vanlegvis ikkje lengre enn 15 dagar i strekk, ifølgje Navalnyj.

Navalnyj sonar i ein straffeleir i nærleiken av byen Vladimir. 46-åringen vart i mars dømd til ni års fengsel for ei rekkje lovbrot. Han og støttespelarane hans seier skuldingane og dommen er politisk motivert.

(©NPK)

NTB Nyheter

NTB nyheter