Avinor har bestemt seg for å utsetje utbyggingsvedtaket om ny lufthamn i Bodø med tolv månader. Koronapandemien er hovudårsaka.

Av

– Etter snart to år med pandemi står Avinor i ein alvorleg økonomisk situasjon, og det er framleis stor økonomisk uvisse om framtida. Derfor er det ikkje forsvarleg å ta på seg risikoen det vil innebere å ta ei avgjerd om gjennomføring av prosjektet no, seier konsernsjef Abraham Foss i ei pressemelding.

Det betyr at ei ny lufthamn først kan stå ferdig siste halvdel av 2029. Prosjektet har ei kostnadsramme på 6,6 milliardar kroner.

Opphavleg vart Avinors bidrag berekna til 1,8 milliardar kroner, men slik finansieringsløysinga no står, vil bidraget til Avinor aukast til 2,2 milliardar. I tillegg kjem ein standard prosjektrisiko på opp mot 1 milliard kroner.

– Vi har forståing for at dette er ein tung beskjed å få, særleg for Bodø kommune, som vi har jobba tett med for å realisere flyttinga av lufthamna, seier Foss. Han understrekar at Avinor framleis er positive til prosjektet og ønskjer at det skal gjennomførast.

(©NPK)

NTB Nyheter

NTB nyheter